|
Forhistorie:
I første halvdel av 1900-tallet (fram til ca. 1860) var det kultur at ens egen båt var superior. Hvert geografiske område hadde sin båt, f.eks. Nordlandsbåten, Nordmørbåten, Sønnmørbåten ol. Båtene var byggd på lang tradisjon, og byggjerne var sterkt bundet til dette.
I 1868, under regattaen ved Stavanger, hadde juryen mange innvendingar mot alle båtene som deltok. Den kritikk som her blei hevda måtte føre til noko nytt og betre innan båtbyggajarkunsten. Det var imidlertid vanskeleg å se føre seg at dette skulle komme frå dem som var bundet av tradisjon, vanar og fordommar.
I etterkant av denne hendinga var det tre båtbyggjarar frå Rogaland som gjorde ein innsats, Anders Johannessen Øvrebø (Boknabåten), Ingebrit Knutsen Eide (Tingvikbåten) og Aslak Aslaksen Notvik (Aslakbåten). Det er sistnemnde vi her vil ta føre oss.
Aslak Aslaksen Notvik:
Aslak Aslaksen Notvik var konstuktør og byggmester for Aslakbåten. Han kom frå Strand, var fødd 13.02.1845 og blei 93 år gammel.>
Aslak kom fra en familie med lange tradisjoner som båtbyggere, og lærte derfor kunsten tidlig. Han bygde sin første båt det året han gjekk for presten.
Aslak starta med deltidsarbeid, fiske om vinteren og båtbygging om sommeren. Ein dag dei lå ute på fiskefeltet blei det storm. Alle båtene måtte snarastmogleg bergast inn i hamn. Aslakbåten seilte fortare enn dei andre og kom raskt til land. Like etter kom andre bårar inn, og det blei fortald at to båtar hadde kullseilt. Været var slik at ingen kunne gjere noko for dei. Da lossa Aslak det meste av båten, seilte ut igjen og berga begge havaristane. Fra den dagen begynte folk å spekulere på båtane til Aslak, og han fikk så mykje å gjere at han slutta med fiske om vinteren.
Med sin loddrette, skarpe baug og utlagde akterende var den ein framifrå seglbåt, og vann ry som skarpseglar.
Aslak meinte sjølv at han totalt byggde omkring 1000 båtar, dette både færinger, fiskebåtar og seilbåtar.
Før Aslak døde fikk han Kongens fortjenstmedalje. - Det va og noge, sa Aslak. - Ka sko eg med medalja? Eg sende na te såèn i Amerika.
Sonene Hans og Erik fortsette som båtbyggjarar, Hans heime i Notvik og Erik i Dusavik.
Torger Kommedal lærte båtbyggjing sjå Erik A. Notvik og starta seinare eige båtbyggjeri. "Kommedalsbåten" var kravellbygd og vert på 50- og 60-talet mykje brukt til fiskebåt og blei godt kjent langs bysten for sine vakre linjer.
|