RYFYLKE TREBÅTBYGGJERI

Ryfylke Trebåtbyggeri blei starta i 1993 og i jula 1998 sette me opp sperra på nytt byggjeri. Det ligg i "vannkanten" ved småbåthamna Få på Judaberg i Finnøy kommune. Byggjeriet sysselset 3 personar på heiltid og vi leigar inn folk i tillegg på store prosjekt. Eigar og dagleg leiar, Jørn Magne Flesjå, er utdanna tømrar og båtbyggjar ved båtbyggjarskulen i Jondal (1991-1993).

Jobbane våre består i å byggje tradisjonelle Ryfylkebåtar som Aslak-, Olsa- og Tingvikbåtar. I tillegg har vi mange jobbar med ombyggjing og innredning av trebåtar. Vi byggjer også større båtar som Ryfjord 35' som er ein sjark konstruert av oss.

Byggjeriet kan byggja og ta inn båtar til ombyggjing og reparasjon på inntil 50´.

Kikk på våre sider og få eit inntrykk av vårt tilbod. I tillegg har me lagt ut litt historie bak mellom anna Aslakbåten for dei som er spesielt interesserte.

Prosjekt på gang:
Prosjektet med å bygje Restaurationen slik den opprinneleg var har starta opp, og er i god gang. Les meir om prosjektet på www.restauration.no.

Restauration sjøsatt
Etter fleire års arbeid er nå båten på sjøen
Det gjenstår fortsatt ein del ardeid før dåp i Stavanger 16. juni 2010

Bilete frå sjøsetjing 15. april 2010 >>

 

Hanne Krogh konsert 15. april 2010 >>

 

 

Dersom du ønskjer større kart og reisebeskrivelse - klikk på kartet!