Site menu:

 

Ryfylke Trebåtbyggjeri vart starta i 1993 av Jørn Magne Flesjå etter to år ved båtbyggjarlinja i Jondal. Båtbyggjeriet ligg på Finnøy i Ryfylke. Me byggjer og utfører reparasjonar på kravell og klinkerbygde båtar.

Aslakbåten

Båttypen representerer på mange måtar noko for seg sjølv. Båtane var vakre å sjå til og utmerka seg på fiskefeltet blei det sagt. Det kan i så fall bety at me her står ovanfor ein båt som skil seg klart frå dei ander båtane i utvalet.

Dei opprinnelege Aslak-båtane var for det meste færingar, men det blei også bygd seks-æringar. Andre stader blir det sagt at han bygde færingar, fiskebåtar og seglbåtar "meir til lyst". Kva som ligg i begrepet fiskebåt, blir dessverre ikkje utdypa i kjelda. I begrepet lystbåt (også omtala som regattabåtar), aner me derimot eit nytt bruksområde som i vårt eiga århundre etter kvart skal bli ein særs stor og viktig marknad for båtprodusentar. To av lystbåtane som eksisterer bygd som både tre- og fire-bording med tillegg av rennebord. Fire-bordingen som tilhøyrer Engøyholmen, er bygd med fire heile band, og eitt kne. Båten har ingen beter, men veldig bredt vaterbord. Dekk forut og akter er lagt inn sidan. I Aslakbåttradisjonen finn me også ein 16 fots seglbåt, "Vigabåt" bygd av Aslaks sønn, Hans. Også dette er ein tre-bording med rennebord. Aslak Notvik skal ha bygd både kravelte og sua (klinkerbygde) båtar. Han brukte skanter (mal) ved kravellbygging, men aldri ved klinkerbygging. Da stolte han på augnemål og holdt Aslakbåtane, både fiske- og lystbåtane eller regattavariantane hadde ord på seg for å vere fremragande seglarar. I fiskebåtane sparte man på kreftene ved at man sjelden måtte ty til årene i denne båttypen.

26' Aslakbåt

Aslakbåten Solveig er bygd hjå oss.

 

1. Tilpassing av beslag
2. Montering av tofter
3. Her har seglbenkene kommet på plass
4. Her er Solveig i sitt rette element. Når ein ser båten på sjøen får ein forståing av kvifor Aslak-båten blei så populær.

24' Aslakbåt

Aslakbåten Embla er bygd hjå oss.

 

 

Skroget på Embla er ein kopi av Aslakbåten til Johann Stangeland.
Sjå omtale
.


Siggurd Jansen som er eigar av Embla ynskte ein annan rigg. Etter anbefaling av Lyngør seilmakerverksted valde han ei spririgg med både klyver og toppsegl.

 

18' Aslakbåt

Type: 18' Aslakbåt med marchoni rigg - Bygd hjå oss.

Denne Aslakbåten baserer seg på oppmålingar av ”Aud”, ein Aslakbåt bygd av Hans Notvik. Eigaren hadde fått teikna om botnen slik at me kunne montere senkekjøl. Dette er ikkje orginalt på Aslakbåtane, men den seglar veldig bra.

Starten

Starten

Starten

10.mai 2004

10.mai 2004

14. juni 2004

16. juni 2004

16. juni 2004

9. juli 2004

9. juli 2004

27. august 2005
Aslakbåten i seilasen 2005

 

27. august 2005
Aslakbåten i seilasen 2005

27. august 2005
Aslakbåten i seilasen 2005

27. august 2005
Aslakbåten i seilasen 2005