Historikk
Eg starta Ryfylke Trebåtbyggjeri i 1993 heime på garden til bror min Ola Steinar. Då hadde eg gått to år ved båtbyggjarlinja i Jondal. Før det tok eg fagbrev som tømmrar. I 1994 tok eg ein liten pause frå eiga verksemd for å være med Harald Dalland å bygge ein losbåt frå Rogaland.



Båtbyggjar Jørn Magne Flesjå
Etter tre månadar på Tysnes flytta eg heim for å fortsette å bygge båtar heime på garden. Der bygde eg snekker og robåtar. Den første kravellbygde båten såg dagens lys i 1996. Det var ein tur/fiskebåt på 28 fot. Etter dette bygde eg ein sjark på 35 fot. Då fekk eg med Reidar Hadland for å prøve oss på aluminium. Skroget var i tre, dekk og styrhus i aluminium.
Tradisjonelle båtar frå Ryfylke var noko eg ville ta tak i. Aslakbåten er den mest kjende, og etter ryktene skulle den gi sjølvaste oselvaren hard konkurranse på regattabanen.
Eg bygde først ein Aslakbåt på 20 fot til meg sjølv. Den fikk ein spririgg med klyver og toppsegl og segla verkeleg bra. Etter dette har eg bygd fleire Aslakbåtar og andre tradisjonelle båtar.
I 1998 fikk eg kjøpa ei tomt ved sjøen og bygde opp eit nytt båtbyggjeri. Etter kvart byrja bror min som er byggmeister, Tor Vignes tømmrar og Reidar Hadland som er smed, å arbeide på båtbyggjeriet. Me har også hatt fleire lærlingar innom.
Ola hadde ei oppgangsag frå 1910. Den laga han eit grindaverk til og satte den opp ved båtbyggjeriet. Me har saga mykje tømmer på den. Særleg tømmer som me har liggande i sjøen er flott å kunne sage sjølv.
Etter flytting ned til sjøen byrja me å få større restaureringsjobbar. Me har óg satt opp ein ny byggehall i grindaverk. Der bygde me vår, til nå, største båt, Restauration på 53 fot.




