Site menu:

 

Ryfylke Trebåtbyggjeri vert starta i 1993 av Jørn Magne Flesjå etter to år ved båtbyggjar linja i Jondal. Båtbyggjeriet ligg på Finnøy i Ryfylke. Me byggjer og utfører reperasjonar på kravell og klinkerbygde båtar.

Ein Rogalandsbåt og ei “Hardanger geit”

Me har fått i oppdrag og byggja to robåtar. Ein Rogalandsbåt og ei “Hardanger geit”, som robåtar fra Hardanger vert kalla hjå oss dersom dei hadde høge stavnar.

Bilde over: Her har me satt opp røyset på geita. Dette er vår til nå største kunde, målt i fot. Me må derfor justere opp både lengde og høgden.

Bilde under: "Geita vert 18½ fot. Me ynskjer god strekk i botnen for å få den god å ro.

 

Bilde over: Botnen er laga med kjølsider og halsar.

Bilde i midten: Fram skoten vert ekstra lang. Derfor legg me inn eit lite band framforbi frembandet.

 

Bilde over: Me hogg ut halsane av tomms bord og steama dei i ei hals form.

Bilde under: Båteigar Johannes Holthe har fått besøk av Asklak Bråtveit. Dei drøftar nybåten.