Nordlandsbåten ”Sandsgaard”
Nordlandsbåten ”Sandsgaard” er ein motoråttring som kom til garden Sandsgår i 1924. Båten var ein av dei første motoriserte båtane på Nedstrand og var i si tid den raskaste båten, sjølv ikkje lensmannsbåten tok henne.
Båten blei midt på 80-talet solgt, kjøparen henta motoren og lot båten ligge. Den blei så berga frå eit sankthansbål av lokale krefter som meinte ho hadde ei historie å ta vare på.
|
Dette resulterte i at ho blei gitt til Kystlaget Kormt på Karmøy som restaurerte henne og rigga henne for segl. Da Leirong Kystlag ble stifta i 1989 var Sandsgaard ei av dei første båtane me ønska å sjå om det var mogleg å tilbakeføre til Nedstrand. Båten hadde da stått på land på Karmøy nokre år. Me fekk båten tilbake frå Kormt Kystlag og bytta ut det som var dårleg av bord og spant. Alt same sommar var ho atter på vatnet og i drift som lagsbåt for Leirong Kystlag.
Me har brukt henne på turar lokalt men også på langturar heilt til Sandefjord og Forbundet KYSTEN sitt landsstemne der. Sandsgaard har etter kvart blitt meir enn bare ein båt for oss, ho har ei lang historie lokalt men er også ein viktig del av historia og aktivitetane til Leirong Kystlag. Ette 10 års aktiv bruk så me at reparasjonane som måtte til var meir omfattande enn me kunne gjere sjølv og me trengde hjelp. Ved å ta vare på akkurat denne båten tar ein vare på eit lite stykke lokal historie og flaggskipet til Leirong Kystlag.
5 omfar må skiftast på kvar side i botnen. (Tilsaman 20 bord)










