"Gyda" - eit vikingskip frå Vestlandet
|
Vraket Gyda bygges etter blei funne i Roskildefjorden på 1960-talet. Funnet fikk namnet Skudelev 6. Originalen, som var frå Sognefjorden, seilte til Danmark omkring 1030. Gyda har bord og band i furu og kjøl og stavner i eik.
For meir informasjon: Vikingmuseet i Roskilde »
___________________________________________________________________________________________
Replika av Utvandrarskuta ”Restauration”seglar igjen i Ryfylke
|
Då eg stilte ut ein Aslakbåt under Tall Ships Race i Stavanger fekk eg spørsmål om eg kunne byggje ein replika av Restauration. Eg svara sjølvsagt ja. Oppvaksen på Finnøy, Cleng Peerson sin heimstad, (fødd i Tysvær) hadde eg høyrt om Restauration og den fyrste utvandringa til Amerika frå eg var liten. Restauration er for mange nordmenn ein kjend båt, den er nok endå meir kjend blant dei som reknar seg for norske i Amerika.
Då eg saman med Arne Nordbø og Maurice Eric Clement etablerte stiftelsen emigrasjonsskipet Restauration fekk me eit tips frå Harald
Hamre som er direktør på Stavanger Sjøfartsmuseum om å ta kontakt med Gunnleif Seldal. Han er ingeniør av fag, men på fritida les han historie. Han bruka mykje tid på statlege arkiv for å finne måla på Restauration. Det han kunne med sikkerhet sei var at den var bygd i Hardanger i 1801 som ei open jekt og lydde namnet Emanuel. Den vart seinare så mykje ombygd (restaurert) at namnet vart endra til Restauration. »






