Aslakbåt 24 fot

Aslakbåt 24 fot

Sjå film her.


Kopi av Boknabåt

Kopi av Boknabåt

 

"Solveig"

Type: Aslakbåt - Bygd hjå oss

Solveig

Aslakbåt

Type: 18' Aslakbåt med marchoni rigg - Bygd hjå oss.

Aslakbåt

 

Robåt - Trebøring

Robåt

 

Nybygd Hardangergeit


 

Tilbake

Med årar i nevane.


Foto: Jonas Friestad

 

Kolbjørn Hauge

I min alders 75. år har eg kjøpt meg robåt. Ny færing, bygd av Ryfylke Trebåtbyggeri på Finnøy. I grunnen er han noko mykje meir enn ein robåt. Han er samtidig eit smykke, ein direkte etterkommar etter dei flotte vikingskutene som kryssa nokre av klodens mest verharde havstykke på den tid store kulturnasjonar i Syd-Europa knapt våga å sleppa land av syne i koffane sine.

Nordmenn er fødde med ski på beina, heiter det. Denne utsegna høver dårleg for oss som er busette nokolunde nær havet. Om oss er det rettare å seia at me er fødde med årar i nevane. Og sjølv om dette ville vera like ille for den stakkars mora om ho skulle bli ute for slikt, så har robåten alltid vore ein like trufast venn for kystens folk som skia har vore for innlandsbuane.

Robåten har i lange tider høyrt med til livsgrunnlaget for folk her vest. For jærbøndene på dei ytre gardane spela robåten om lag den same rolla som skogen for fjordbuane og sørlendingane. Slitet med årane i færingen og seksæringen gav hummar, laks og sild til å selja, og husfisk til middagsbordet. Og ein og annan medalje for edel dåd når jærbøndene hadde baska seg ut til havaristen og berga forskræmde sjøfolk og passasjerar frå ein sikker og søkkvåt død.

For oss øybuar ar robåden faktisk endå viktigare. For i tillegg til den økonomiske sida, var færingen også eit viktig transportmiddel her inn i Ryfylke. Robåden blei brukt til å frakta ved og varer, og dyr og folk mellom holmane og øyane. Somme skulle til dans, andre til kyrkje og bedehus. Presten kom med dampen frå Nedstrand og skulle over sundet for å møta ungdommane som gjekk til konfirmasjonsførebuing. Ungar skulle til skulen og heradstyremedlemar til møte. Og atter andre skulle på friarferd. Han Jon Vadla frå Kyrkjøy hadde fått slikt eit godt auga til ho Jorunn Årtun på Bjergøy, og det var ikkje det minste rart. Han flytte den vesle robåten sin frå Lundarvågen på nordvestsida av Kyrkjøy til Ramsvik på austsida, det letta laurdagstranporten hans ganske mykje. Båten hans blei heitande ”Friarfjord” i årevis etter at Jon og Jorunn var blitt ektemakar og hadde tatt over garden på Lund.

Me var ikkje store karane før me sette oss på rotofta og baska og rodde, hugsar eg. Først med ei åre og så med to – det var prosedyren me alle måtte gjennom . Han Berge Furre er oppvaksen ved Forasundet på Bjergøy, sundet som skil Kyrkjøynå og Bjergøynå frå kvarandre. Lettaste vegen til handelsmann og post for familien hans på Bjergøy var tvers over sundet til Ramsvik på Kyrkjøy. Han var derfor ikkje store karen før han lærte å ro. Og sjølv om han seinare har vist at han kanskje har meir oppi hovudet sitt enn gjennomsnittet av oss andre sjernarøybuar, så måtte han gjennom den same utviklinga som alle andre når det gjaldt roing; først med ei åre, og så med to. Då han var blitt så stor at han hadde baska seg over sundet åleine for første gong, stod handelsbetjenten på kaien og tok imot han.

- Kan du ro med to årar, då? spurde han Ingemann
- Eg, ja! svara han Berge. – Eg kan ro med både to og tre årar, eg!

Ein færing skulle vera både stødig og lettrodd. Farbror Lars hadde ein rar robåt. Rank og rulten, og korkje særleg pen eller spesielt velhalden. Men denne båten hadde ord på seg for å vera utruleg lettrodd. Då Trygve Knutsen frå Hjelmeland blei vikarlærar på Kyrkjøy ein gong i trettiåra, fekk han i stand kapproing for vaksne 17. mai. Mange var dei robåtane på øya som fekk seg nye tollepinnar og eit strøk med kvitmaling på esingane den våren. Men då han Tollak Lund og han Johan Foss stilte til start i den gamle færingen hans farbror Lars, visste alle dei andre deltakarane at denne gongen fekk dei nøya seg med å kjempa om andre- og tredjepremien. Han Tollak hadde godt handelag med kniven, slik lundarane alltid har hatt. Til takk for låna, skar han inn i framtofta eit hjarta med denne flotte inskripsjonen: 17.mai 1933. 1. premie. TL JF

Men det var først og fremst i fisket robåten gjorde nytte. Uunverleg for brislingfiskarane når dei tråla fjordane etter fangst. Dorg og harp, pilk og utlegg på gode, gamle fiskemed, alltid var det færingen som spela hovudrolla. Eg har vore med på det meste av dette. Men gildaste fisket var likevel hummarfisket. Eg har sjølv rodd hummarfiske med han far frå eg var 12 år gammal. Reine lystfisket i juni når sola skein, gauken gol i liane, og fjorden låg blank og stille som ei tjørn. Verre var det i desember når kulden beit i fingrar og tær, og snøbøyene gjekk strie over fjorden. Men alt slitet med årane har likevel gitt meg to små triumfar i livet, og det skal eg no fortelja om.

Den første er vel kanskje vanskeleg å forstå for folk i dag. Men det som hende var at eg fekk vera med han far og levera hummarfangsten til handelsmannen i Ramsvik. Som skikken var, blei både me og dei andre hummarfiskarane då bedne inn i stova til Kleibergen, der ho Lovise serverte kaffi og kaker. Mjølk til meg som var under den koffeinske lågalder. Hendinga høyrest sikkert fattigsleg ut for alle laurdagsgodt-ungar i dag, men ei storhending for meg som sjeldan opplevde slikt om eg ikkje var så heldige at eg kom til matbordet i eit bryllaup eller ei gravferd.

Den andre triumfen hende noko seinare i livet. I min beste ungdom bruka eg eit halvt år av livet mitt til å ta vidareutdanning i kroppsøving ved Idrettshøgskolen i Oslo. I undervisninga var innlagd faget anatomi og fysiologi – ein time kvar veke med Anatomisk institutt på Universitetet. På førelesningane sette eg meg alltid på ein av dei fremste benkene slik eg alltid har gjort, til og med før eg begynte å høyra litt mindre. Ein dag blei eg plukka fram av anatomiprofessoren og spurd om eg ville ta av meg på overkroppen. Det gjorde eg. Dette var langtfrå nokon chippendale-framsyning, men eg var likevel såpass solbrun og muskelsterk etter høyonna og fisketurane på Sjernarøy at nokre av dei kvinnelege studentane sa ”åhh” då siste plagget fall (akk ja, det var den gongen!).

Professoren peika på nakkemuskelen min. Namnet er delta-muskelen på vårt barbariske tungemål – musculus trapezius på fint latin.

Har du rodd mykje? spurde han – Ja, sa eg.

 


Foto: Jonas Friestad